søndag 8. mai 2016

S. O. S.



1) Naudsignal

  Det er det gamle naudsignalet som var og er brukt på sjøen når skipet er i naud. I morsespråket er det tre prikkar og tre streker og tre prikkar igjen. Om lag slik: … --- … SOS tyder: Save our souls – frels våre sjeler. Det kan og tyda: Save our ship - berg skipet  vårt. Mange båtar har blitt berga på den måten.
  I nyare tid  er det kome inn eit nytt naudsignal: May Day. Det har ikkje noko med maydagen å gjera. Det kjem av eit fransk ord som tyder: Kom og hjelp meg. Det er eit talesignal der ein ber om hjelp.
  Det er godt å få hjelp til havs eller i lufta. Og det gjeld at hjelpa kjem fram i tide. Då har eg tenkt på eit anna kallesignal: Det er bøna til Gud når ein er i syndenaud eller andre problem i livet. Dei kan koma før ein veit ordet av det.
  I slike stunder har me altså lov å senda ut ei bøn til himmelen. Det treng ikkje vera mange orda. Eit SOS er nok. Gud høyrer godt og han ser kvar sjel på jord. Ta kontakt med han!