søndag 15. mars 2015

På leit.

På leit.

  Eg gjette sauene då eg var barn. Ein gong skulle eg sanka dei saman og leia dei heim. Eg fekk streng beskjed om at ALLE måtte koma heim. Og denne gongen mangla det ein eller to. Då måtte eg opp i lida ein gong til. Eg gjekk og gjekk mellom steinar og buskar og ropa og leita. Kor var dei henne? Det tok til å bli mørkt, men eg våga ikkje å gå heim. Eg måtte ha sauene med meg.
  Så hende det underlege: Mor og far vart redde for meg, og dei tok til å leita etter meg! Dei ropte ut i skogen og marka og bad meg koma heim. Og då eg nådde dei, fortalde dei at sauene var komne heim av seg sjølv.

  Her var det altså ei dobbel leiting. Slik er det kanskje i livet. Mange er på leit, etter nye ting og opplevingar og etter meininga med livet. På same tid er Gud på leit. Jesus kom til jord m.a. som hyrding. Og han er på leit etter menneska som ikkje har sjelefred og himmelbillett. Han tek imot alle som kjem. Velkomen heim, seier han.

Nils Dybdal Holthe, i Haugesunds Avis 14. mars 2015.