fredag 20. februar 2015

Farga biblar.

Ein farga Bibel.

Bibelskapet har gjeve ut ei ny utgåve av 2011-Bibelen. Etter det me kan sjå er det ikkje endra noko i sjølve teksten eller  om setjinga. Men Bibelen er endra på ein annan måte. Av Bibelen sine ca. 31170 vers er 3000 av dei fargelagde med gult. Og det er vers som talar om fattigdom og rettferd. I vår eiga tidskontekst er det lett å sjå at den er «politisk», om ikkje partipolitisk.

Bibelen talar om urett og fattige folk. Og det er rett at me gjer noko på det feltet. Men det er ikkje hovudsaka i Bibelen. Den er om folk si frelse, av nåde ved tru for Jesu skuld.

Kanskje eit forlag vil laga ein ny farga bibel – med vekt på hovudsaka? Frå før er det jo biblar der Jesus ord er trykt med raud skrift. Kanskje heile frelsesbodskapen med lovnader om frelse og fullføringa av den kunne løftast fram slik. Eg har forresten ein bibel der fleire tema er fargelagde. Det er ikkje noko nytt.


Nils Dybdal-Holthe.
(Innlegg i Dagen 20. febr. 2015.)