fredag 16. januar 2015

Guds løfter.


Løfter.


NDH.

Hebr. 10, 23.
”Han er trufast som gav løftet.”

Å gi løfter krev eigentleg truskap. Det ligg i sjølve ordet. Ein lovnad eller løfte er ord me seier som me tenkjer å halda. Det ligg ei plikt i det. Me sviktar nok ofte her, både for Gud og menneske. Og det er vår skam. Det kan plaga oss netter og dagar i årevis. Somme ting vert me aldri fri.
Gud sviktar aldri. Om me er trulause, er han trufast, står det. 2. Tim. 2, 13. Dei som har tald løftene i Bibelen, seier det er om lag 40.000 løfter der. Mange var til Israel, til Abraham, Moses og David og andre. Men Bibelen er gitt til oss alle, difor finn me ei rekke løfte som gjeld oss kristne.
Alt er samla i Jesus, der får me sjå oppfyllinga av dei. 2. Kor. 1, 20: Så mange som Guds lovnader er, i han har dei sitt ja og ved han sitt amen. Det er utruleg kor mykje godt Bibelen har. Dei som ikkje les i Skrifta, kan ikkje skjøna det. Dei har ikkje undersøkt det sjølv.
Luther sa ein gong: Ikkje noko er meir dyrebart i Skrifta enn Guds løfte. Dei held oss oppe og trøystar oss i all anfekting. Om Sara står det i kap. 11, 11: Ho heldt Herren for trufast som hadde gjeve lovnaden. Det er ei god innstilling og tanke.
Her skal me berre ta nokre få slike løfte som gjeld oss.



1. Lovnad om frelse.



For ein syndar er det det største i Bibelen. Gud har lova at menneska kan bli frelst. Og det ligg eigentleg på to plan. Same dag som syndefallet hende i Eden, sa Gud at ein skulle knusa slangen sitt hovud. 1. Mos. 3, 15. Det er profeti om at Kristus skulle sigra over Satan og synda. Då tida var mogen (fullkomen) til det, skulle Guds Son koma til jord. Gal. 4, 4.
Då fekk det fortapte menneske von. Ei stjerne var tent over syndeverda. Det var ein lovnad om oppreising som vart fullbyrda på Golgata. Langfredag er oppfylling av dette frelsesløftet. ”Opp på Golgatas dunkle høyde mørkhetens fyrste til fektning drog…” Jes. 7, 14 og 53, er andre slik lovnader som Jesus oppfylte.
Den andre delen av dette løftet er t. d. Jesu ord i Mat. 11, 28: Kom til meg alle de som slit og har tungt å bera, hjå meg skal de få kvila. Eit anna slikt ord er Johs 6, 37: Den som kjem til meg, vil eg så visst ikkje visa bort.
Alt dette er sterke ord om frelsesløftet. Farisearane såg at det vart oppfylt i Jesus. Dei sa t.d. i Luk. 15, 1f: Denne mann tek imot syndarar. Sannare kan det ikkje seiast. Slik talar Bibelen. Jesus vil at du skal bli frelst! Han vil tilgi di synd, gløyma fortida og skapa nytt liv i deg.
Johannes skriv i første brevet sitt: Dette er lovnaden han lova oss: det evige livet. 1. Johs 2, 25. «De røde blodsdråper fra Golgata roper om nåde og frelse for deg.» Og dette har han tenkt å halda! Men du må ta imot, opna deg og seia: Ja, takk.
(Meir skal me ikkje seia om dette her.)


2. Lovnad om å bli bevart.



Ein som kjem til Jesus, får både tilgjeving for synda og kraft til å leva vidare som ein kristen. Jesus frelser og tilgir – og er med oss kvar dag. Det er garantien han gir oss. Han frir oss frå stormane i livet og leier oss trygt gjennom det som kjem.
Det er ikkje utan problem å vera kristen. Men me har ein lovnad med oss som andre ikkje har. I misjonsbodet lyder det til slutt: Sjå, eg er med dykk alle dagar… Mat. 28, 20. Og det gjeld ikkje berre misjonæren som reiser til andre land. Det gjeld alle som lever med Jesus.
Jesus sa i Johs 10, 28: Og eg gjev dei evig liv, dei skal aldri i evighet gå fortapt, og ingen skal riva dei ut or mi hand. Og Paulus seier at evangeliet er ei Guds kraft til frelse, Rom. 1, 16. Og den gjeld ikkje berre den dagen du vart eit Guds barn. Den gjeld kvar dag. Du har same kraft frå Gud i evangeliet nå som den første dagen du var kristne. Salme 23, 2 har det same: Han leier meg, seier David. Slike lovnader vil Herren halda, du kan kvila på dei.
Ei jente kom heim etter eit møte der ho hadde gjeve seg over til Gud. Då gjekk ho inn på soverommet til foreldra og sa stilt: Eg har fått fast fylgje. Og dei tenkte nok at det var ein ny verson som skulle koma inn i heimen deira. Men ho la til: Eg har fått Jesus som min Frelsar.
Og det var det beste bodet dei kunne få den kvelden.
Han går ved min side og leder min gang, han blir ikke trett, han som jeg….


3. Lovnad om at Jesus kjem att.



Han har sagt at han vil koma attende til jord og henta alle sine heim. Då er me evig frelste. Difor er framtida vår lys.
Kva hjelpte det om eg vart frelst her på jorda – om ikkje eg hadde meir etter døden? Me er meir enn dyr. Me har ei evig sjel.
Det står mykje i Bibelen om dette. Nokre har rekna gjennom alle slike lovnader, og kom til om lag 318 i NT. Då er det viktig når det er sagt så ofte. Og dei siste ord i Bibelen er om dette: Kom, Herre Jesus. Ja, eg kjem snart. Åp. 22, 20.
Gud er trufast. Han gav lovnader om frelse, bevaring og atterkome – og mange andre. Dette siste er eg glad i. Han kjem att ein dag. Då blir alle dei truande rykt bort. Det vil ikkje vera att ein einaste sann kristne på jorda då. Den kristne sjåføren blir plutseleg borte. Butikkdama står og ekspederer – og så er ho ikkje der meir. To skal liggja i same seng, den eine vert borte ei natt eller kveld – den andre må vera att.
Paulus skriv om at dei truande skal rykkjast opp i skyer opp i lufta for å møta Herren. 1. Tes. 4, 16. Då kjem det ei sky frå mi bygd. Dei truande vert samla saman – frå kyrkjegarden og havet utafor og dei levande – og Herren tek dei heim til himmelen. Ei sky frå andre byar og bygder, skyer frå Afrika og Asia og Amerika. Alt Guds folk er borte. Det er berre slik, anten me likar det eller ikkje.
Det blir eit veldig møte. Jesus er hovudtalar, han les opp fridomsbrevet og ynskjer oss velkomne heim.
«Vi skal møte ham i skyene – herlighet stor, når vi løftes ifra land og byene, farvel, farvel da jord!»
Blir du med då? Det er ennå tid, og Jesus er redningen. Kom difor i dag.