torsdag 18. desember 2014

Julefeiring.


Vår jul.

Av Nils Dybdal-Holthe.


I dei siste 40-50-60 åra har julefeiringa endra seg veldig mykje. Det er ikkje sikkert at alle (mange) tenkte over kvifor me har jul før i tida heller. Mange gjorde det truleg av vane også før kommersialiseringa kom. Gåver var viktige då og, sjølv om dei var heimelaga eller billige i kjøp.-


Men det var ein viktig skilnad: Folk flest hadde respekt (vyrdnad)  for at det var ei bibelsk fundert høgtid. Dei kritiserte den ikkje – stort sett – og motarbeidde ikkje det kristne i jula eller hånte det. Det har me sett i dei siste tiåra.


er ikkje julefeiring noko som er innsett av Gud – som eit slags sakrament. I så måte står me noko fritt om sjølve måten. Då er det viktig at det samsvarar med grunne til at me har jul – og ikkje gjer det motsette.


Ein del av feiringa i vår tid er julebord som nokre gonger går over fleire grenser. Det er dyrt for mange, og alkoholkonsumet kan bli høgt og dreg uti dei små timar. Det var ikkje jula sin intensjon.


Prispresset kan også bli stort, og her tenkjer eg særleg på dei med mindre inntekter enn andre. Borna sjølv snakkar saman om jul, både før og i etterkant. Og samanlikninga då kan vera sår for somme. Ikkje alle har mot til å forsvara seg og «ta igjen». Store, dyre og flotte gåver er heller ikkje naudsynlege og viktige. Det kan tvert om skapa ei forventing for ettertida der alle gåver skal vera kostbare, elles er det ikkje gåver.


Det kan altså vera ei god kristen jul med mindre økonomi og gull og anna stort. Det vil og kanskje gjera oss meir nøgde i kvardagslivet seinare. «Me kan ha det godt, med det som er smått».


er me inne ved det som er ei bibelsk jul. Tanken går til stallen. Og familien. Og det enkle. For i stallen låg Guds einborne son. Han var midtpunktet. Englane sa noko om grunnen til at han kom. Og dei vise menn kom frå eit anna land og viser at det som hende gjaldt mange andre, ja heile verda.


Og bodskapen frå Betlehem? Jo, det handla om frelse, om vårt åndelege liv, og om æva. Jul er ikkje berre noko jordisk, det er noko himmelsk. Det kan englane visa oss. Dei kom får Guds himmel med bod om dette. Jødane visste om det, det var notert i mange av bibelens bøker. Om det ikkje var mange jødar som visste om dette nett då, så var det slik likevel.


Gud hadde sendt sin Frelsar til verda. Og han er for alle som vil tru og fylgja han. Når det blir stort og viktig for oss, vil det jordiske og alt som fylgjer med det bleikna. Då kan jula også bli ein takkesong og tilbeding – ved sida av mat og familiefest og oppmuntring.


Då må vel forkynninga denne jula bli noko om dette. Å kalla folket attende til den første jula med tru på Jesus som vår eigen frelsar. Ta imot han i hjarta og byrja på eit nytt liv i samfunn med han. Ta fram Bibelen og ikkje berre lesa juleevangeliet, men ta ei stund kvar dag med Bibelboka og lesa i samanheng – t.d. frå Johannes-evangeliet. Då vil du sjå og kjenna at det er livets ord som gir liv. Det er grunn nok til å takka han kvar dag – for dette livet – det evige.