mandag 17. november 2014

Dei siste dagar?

Det skjer så mykje i verda i dag, og mykje av det stemmer godt med bibelske profetiar om endetida. Nå har folk sagt det mange gonger før, særleg ved store katastrofar eller hendingar: Nå kjem Jesus att! Slik var det t. d. i 1905. Då tala dei mykje om Jesu atterkome og dei siste tider. Under siste verdskrigen var det også slik. Eg hugsar korleis dei vaksne sat og tala om profetiane i t.d. Esekiel 37f.
Likevel: Det ER noko sant i dette. Det er faktisk teikn på at me er vakne. Og me må ikkje slå oss til ro med at dette er sagt før. Bibelen seier at det kjem ein siste dag på jord. Og me skal minna folk om det gong etter gong. Blir denne påminningta slutt, kjem søvn og åndeleg død.

Høyr det difor igjen: Det er fleire ting som talar for at tida er nær. Me kan ta feil om tidspunktet, det har Jesus sagt noko om. Men han vil at me skal vita når det er nær-. Israel er i brennpunktet som aldri før. Me høyrer om krig og uro. Naturkatastrofar kjem i mange land. Jfr. Mat. 24.

Og mest av alt: Den åndelege situasjonen er uklår, og pila peikar nedover. For hundre år sidan var det kanskje slik at dei lærde var liberale. Nå er lekfolket blitt det meir og meir. Guds ord er ikkje autoritet for mange. Det er alvorlege teikn i tida. Lat oss venda attende til Gud og hans ord og vilje. Det er vegen.
NDH.