mandag 1. april 2013

Andre påskedag.

Tekst på andre påskedag har ofte vore delar av Luk. 24 om dei to læresveinane som gjekk til Emmaus. På vegen kom plutseleg Jesus og samtala med dei. Men dei kjende han ikkje før han braut brødet med deg. Det var ikkje mange dagane sidan han hann gjort det og innstifta nattverden. Det minnet sat att i dei. Men han forlet dei like raskt som han kom. Da sa dei til kvarandre: Brann ikkje hjarto våre i oss då han tala til oss på vegen og opna skriftene for oss? v. 32. Det skjedde noko med dei då han tala. Det traff dei i samvit og hjarterot.

Har ikkje me opplevd det mange gonger? Guds ord møtte oss då me høyrde om synd. For me hadde også synda. Det hende i tanke og ord og gjerning. Det svir når Gud minner oss om det me er og har gjort. Og me veit at det så sant. Guds lov viser oss svikt og feil og mangler på mange måtar. Og det verste er vårt eige indre, med tankar og ynskje som ikkje kjem frå Gud. Er du ærleg og sann i ditt indre då, veit du at du står skuldig for Gud.

Då er det godt å høyra eit nytt ord frå Herren. For han talar då om nåde og tilgjeving. Då brenn det i hjarta: Tenk, eg blir fri alt i Jesus Kristus. Han døydde for meg og tok alt på seg! Og denne frelse får me leva på kvar dag heile livet. Og det er den frelsa som gjer at me skal møta ein open himmelport når vår tid er slutt her på jorda. Lat denne andre påskedag blir ein slik nådedag. Amen.