torsdag 25. november 2010

Kva er kyrkja?

Kyrkja

Spørsmål om kyrkja kjem stadig opp på dagsorden. Og igjen er det Gelius. Ein politikar sa på TV at han ynskjer seg ei kyrkje – for han var medlem av kyrkja. Eg har undrast på om mange av dei som skriv om dette, veit kva kyrkja eigentleg er.

Jesus sa til læresveinane ein gong: Eg vil byggja mi kyrkje, Mat. 16, 18. Det er hovudsaka. Me må attende til det han vil og gjorde. Heile den bibelske bodskapen og vår vedkjenning seier at kyrkja er samlinga av dei truande. Det er ikkje nok med eit formelt medlemsskap i ei kyrkje. Det handlar om mi eiga stilling til kyrkja sin Herre. Det ser ikkje ut til at ein del ser det eller vil bøya seg for det.

Martin Luther er sentral i vår kyrkje. Han gjorde det klårt at det er berre ved tru og nåde og Skrifta me er Guds born. Tanken vår må dreia seg om det i kyrkjespørsmålet, ikkje berre om dei praktiske sakene.
DagenMagazinet 25. nov. 2010.

Nils Dybdal-Holthe.