tirsdag 22. juni 2010

Israel-teologi.

I Dagen 21. juni '10 er det ein artikkel av Roy Throndsen om: Teologisk gufs fra Midtøsten. Eg har ikkje nok kunnskap om det han skriv om, men det verkar bra. Fliere arbeider med dette spørsmålet, nemlig om ein ny teologi blant arabarar, slik framståande folk i Sabeel-gruppa lærer. Såkalla palestinsk teologi går nå ut på at det ikkje er jødane som er Guds utvalde folk og som lovnadane i Bibelen gjeld. Det er palestina-arabarane. Prestar og biskopar i Midt-Austen hyllar tanken.

Dokumentet som tek opp saka ligg på nettet. Det er underleg at kristne teologar i det heile kan tenkja slik når dei kjenner Skriftene. Går det verkeleg an å bli så blinde. Eg skal ikkje gå nærare inn på dette her. Forfattar av artikkelen er Gershon Nerel, og ein søkja på namnet hans.