fredag 21. mai 2010

Allah på leir ?

Allah på leir - i strid med vedtektene for leirplassane ?


Ja , så enkelt bør det vera å finna "svaret" på dette spørsmålet.
Ved å gå inn i dei to-tre fyrste paragrafane i vedtektene for leirplassane , vil ein finna føremålsparagrafen for kvar einskild leirplass.  Dei kristne organisasjonane har bygd leirplassane for å fremja Guds rike mellom menneske i alle generasjonar - og i særleg grad mellom born og unge.
Desse leirplassane er i stor grad bygde og drivne ved stor og langvarig dugnad frå misjonsfolket.  Dette har gjeve eit positivt eigarskap , der misjonsfolket kjenner ansvar for leirplassane , også økonomisk.
Likevel har stigande krav til standard og tryggleik gjort det naudsynt med utleige til eksterne leigetakarar.  Her har ein tradisjonelt vore nøye med at bruken ikkje må stå i strid med dei verdiane som er sentrale for leirplassane.  Under dette har ein teke klår avstand frå bruk av alkohol og andre rusmiddel.  Dette må ein sjølvsagt halda fast på.
No er tida mogen for å sjå på kva ideologisk føremål leigetakarane arbeider ut frå.
Rett nok er leirplassane våre å rekna som arbeidsreiskap i misjonsarbeidet.  Men kan det vera rett å leiga bort desse reiskapane til trussamfunn som arbeider for andre enn den treeinige Gud : Faderen , Sonen og Den Heilage Ande ?
Dei fleste leirplassane er innvigde til arbeid i Guds rike , og alle former for innsats frå misjonsfolket er gjort og gjeve med dette føremålet i tanken.
Utleige til eksterne leigetakarar kan difor ikkje gjerast til grupperingar som arbeider for eit anna livssyn.
Einskilde deltakarar i debatten har i kortare eller lengre form drøfta tilhøvet mellom Allah og den treeinige Gud – og om desse i ytste konsekvens er den same gud.  Dersom misjonen framleis meinar at desse ikkje må blandast saman , så må også samkomer i Allah sitt namn haldast borte frå leirplassane våre.  Elles kan ein leggja ned alt misjonsarbeid mellom muslimar.  Så alvorleg ser eg på saka !
Svaret frå Espen Ottosen – eit arbeidsuhell ??
Denne mannen har gjennom mange debattar ført både sakleg og klår tale , og som oftast på trygg grunn.  Sjølvsagt vil det vera tilfelle der ein ser ulikt på saker og nyansar – men DETTE var ei massiv avsporing !  Det vert sagt i artikkelen at han tok fem minutt tenkepause før han svara.  På den eine sida burde han kanskje ha tenkt fem minutt til.  På den andre sida burde svaret liggja så klårt i dagen at der ikkje var bruk for å tenkja !
Utleige av leirplassane til andre livssyn ( muslimar , HEF og andre ) er ingen aktuell tanke eller praksis.  DET ville vore ”profesjonelt” av Ottosen å svara.

Av Børge Løype, på VL si side: Verdidebatt. 
(Kopiert etter løyve.)