lørdag 27. februar 2010

KRF og Misjon.


Fornying i KRF og Misjon.

I desse tider med iver etter fornying i alle slags organisasjonsliv, sa prof. Bernt Aardal noko vitugt i DM i dag 16. febr.: "Den største utfordringen for partiet fremover, er å ta vare på kjernevelgerne." Då tala han om Krf.

Mon ikkje det til ein viss grad gjeld for andre organisasjonar òg? Iveren etter å byggja nytt kan bli så stor at ein gløymer fundamentet og grunnlaget. Kjernen i misjonsarbeidet er vekkingsfolket. Der starta det, og der har det har det hatt hovudtyngda til vår tid. Kan me seia til kvarandre: Lat oss ikkje gløyma dei.

Nils Dybdal-Holthe.

(Dagen 26/2 2010.)