tirsdag 7. juli 2009

Biskop i Stavanger

Stavanger bispedømme har fått ny biskop. Rogaland er misjonsfylket og eit utprega lekmannsfylke. Kristenlivet har vore prega av det, og me har hatt ein del bispar som var på line med folket slik og respekterte det "bibelbelte" som var her.

Den nye bispen gjer ikkje det, så langt me veit. Han er liberal på meir enn ein måte. Han er ekstremt liberal i homofilispørsmålet. Bakgrunnen er truleg ein liberal teologi som tolkar seg bort frå den bibelske meininga. Denne teknikken er velkjent i vår tid. Dei vedgår at det står klårt nok i Bibelen, men det gjeld ikkje i vår tid. Då kan ein læra kva som helst.

Erling Johan Pettersen er 59 år gammal og kan i teorien står i elleve år her i fylket. Mange tykkjer det er leitt. Folkemeninga kom også godt fram i prosessen fram mot utnemninga. Han var ikkje fremst.

Endå tristare er det at ei rekke prestar står fram og seier dei trur han blir ein god biskop. Og det er prestar me trudde var klåre i bibelsynet. Det ser altså ut til at nokre er klåre nok i bibelsyn når det ikkje kostar noko, men sviktar når prøven kjem.

Slikt har me ikkje respekt for.

Elles er sjølve demonkratiet i kyrkja eit problem og i sin grunn ubibelsk. Det har aldri vore slik at fleirtalet skal ta avgjerd i teologi eller kyrkjearbeid. Det er ei total avsporing og vil før eller seinare føra folket og kyrkja vill i nye spørsmål. For folk flest vil aldri bøya seg for Bibelen i kontroverse saker. Dei vil gå etter fleiratlet og fylgja ein brei veg.

Den sida av statskyrkjespørsmålet er også viktig med tanke på å frigjera seg frå staten. Anten det er Giske eller andre som sit ved kyrkjeroret, er det berre Bibelen som gjeld, og berre dei som fylgjer den, er skikka til preste og bispeembetet. Det må prestane sjølv sjå og retta seg etter. Det er ikkje me som er ein smule kritiske som dømer dei. Det gjer Gud sjølv ved sitt eige ord.

Må Gud få hjelpa Noreg og heile verda til å sjå det. Lat oss be for landet vårt i denne saka og.
NDH.