søndag 15. mars 2009

Eg hadde eit skuldbrev.(song).

Tone: Å, er det vel ikkje ein underleg strid (Sangb. 481), eller Guds altar på jorda er, Sangb. 254.


1. Eg hadde eit skuldbrev som tyngde meg ned, Eg streva og streva men fekk ikkje fred.

Eg ville betala, men synda var stor, Og hjelp fekk eg ikkje på heile vår jord.


2. Då sa eg til Gud; eg skal leva for deg, Så godt som eg kan skal eg gå på din veg.

Så streva eg atter ei tid for min Gud, I arbeid og bøn for å halda hans bud.


3. Og skulda vart større og større i meg, For strevet og bøna bar synder i seg.

Det gjekk ikkje lenger, det fanst ikkje von, Men då fekk eg auga på Jesus Guds son.


4. Ja Frelsaren, han, hadde skulda betalt, Og eg som den skuldige var eg slapp alt.

Kvitteringa fekk eg, den står i Guds ord, Nå er eg den selaste skapning på jord.


(Henta frå: http://Beroa.org, nyhetsbrev).