torsdag 8. januar 2009

Skriftprinsippet II av VII.

Det protestantiske skriftprinsippet.

Av red. Arthur Berg.

Del II av VII.

I reformasjonstida var det ikkje særleg viktig å dogmefesta skriftprinsippet. For ingen tvila på det. Ikkje ein gong katolikkane hadde på det tidspunktet dogmefest at kyrkja hadde ei kunnskapskjelde og ein autoritet ved sida av Skrifta, nemleg tradisjonen. (Det kom først på Tridentinar-konsilet 1545-63.) Og ein moderne katolsk Luther-granskar har lasta Luthers motspelarar på reformasjonstida fordi dei gjekk inn på hans argumentasjon ut frå skriftprisnippet.

.

Men no lever vi ikkje lenger i ei slik tid. No skjek grunnane under kyrkja fordi skriftprinsippet ikkje lenger har den sjølvsagde gjennomslagskrafta som den hadde i reformasjonstida og lenge etter det.

.

I vår tid er det ikkje lenger unaudsynleg å dogmefesta skriftprinsippet fordi ”alle” held seg til det. Det er naudsynt å drøfta det av di det held på å verta redusert til ei samling bokstavar som ikkje lenger seier det som Ordet i si tid sa i kyrkja.

.

Konkordieformelen gjeld ikkje som vedkjenningsskrift i vår kyrkje. Heller ikkje dei schmalkaldiske artiklane. Dermed finst det ikkje noko formulering av skriftprinsippet i noko kyrkjeleg vedkjenningsskrift som gjeld i vår statskyrkje.

.

Dette meiner eg er uheldig, og eg gjorde ein freistnad på å få innført ei formulering som bygde på Konkordieformelen i den innstillinga som ”Det Frivillige Kirkeråds Utredningskommisjon av 1969” la fram. Der stod det at kyrkja byggjer på den urokkande grunnen som vi har i dei heilage skriftene Det gamle og Det Nye testamentet.

.

Men eg vart ståande heilt åleine om å røysta for denne gamle formuleringa.

.

Ikkje nok med det heller. Men då kommisjonen vedtok ei ny formulering (henta frå ritualet for prestevigsel) var det ingen andre i kyrkja som tok til orde for Konkordieformelens formulering. Ikkje ein gong dei mest bibeltrugne såg mon i å kjempa for dette prinsippet som kyrkja må stå eller falla med. Truleg rekna mange med at det er ”urealistisk” å ta opp slike saker i vår tid? Eller kom det av at ”folk var sovnet her inne”?

.

Den formuleringa som vart vedteken var ikkje ei forbetring av den gamle formuleringa. Men ho slår fast at grunnen under kyrkja er ”Guds ord som det er gitt oss i Den hellige Skrift og som vår kirke vitner om det i sin bekjennelse”.

. Dette er ikkje noko god formulering av vedkjenningsplikta i kyrkja. Og det er slett ikkje ei betre formulering av skriftprinsippet enn den som står i Konkordieformelen. Tvert om er den nye formuleringa veikare. Ho representerer ei utvatning som ikkje fører til betre vakt ved huset, men snarare til tryggare slummer i huset.

.

Ei liknande utvatning av skriftprinsippet kjem til uttrykk når fleire konservative teologar nå hevdar at ein kan koma in strid med Skrifta utan å fara med kvalifisert vranglære.

.

Det kan ein sjølvsagt ikkje. I allfall ikkje så lenge ein hevdar at ein ikkje godtar nokon autoritet i tillegg til eller over Den heilage Skrifta.

.

Utgangspunktet for denne nye utvatninga av skriftprinsippet er ei formulering av Hallesby frå kyrkjestridens dagar. Han sa om dei liberale teologane, at dei hadde eit skriftsyn som gjorde at dei forkasta vedkjenninga.

.

Av dette har så nokre teologar drege den konsekvensen at dersom ein teolog fører tvilsam lære, men ikkje forkastar noko punkt i vedkjenninga, er han ikkje vranglærar i kvalifisert meining.

.

Men då mistolkar ein Hallesby og er knapt klår over kva ein sjølv seier heller. For Hallesby meinte at den liberale forkastinga av ledd i trusvedkjenninga, var ein fylgje av eit skriftsyn som ikkje lenger svara til det reformatoriske skriftprinsippet. Hans formulering sa altså at ein kan bruka teologars truskap eller utruskap mot vedkjenninga til å testa skriftsynet på.

.

Men nå vågar ein seg altså til å snu dette på hovudet: Nå testar ein vedkjenningstruskapen utan omsyn til Bibelen og skriftsynet.

.

Men dette vil seia at ein set vedkjenninga over Skrifta. Og då har ein brote med skriftprinsippet. For det prinsippet seier at det ikkje finst høgare instansar enn Skrifta, ikkje eingong englar frå himmelen er å tru mot Skrifta.

.

Denne nye teologien går i beste fall ut på at vi bør tolerera all lære som ikkje kjem i strid både med Skrift og vedkjenning. Men skriftprinsippet seier at det er læresetningar som bryt med Guds ord som er vrang lære. Og det gjer ikkje noko frå eller til om lærepunktet det gjeld er nemnt i vedkjenninga eller ikkje. For inga vedkjenning og inga kyrkje har rett til å avgjera at ein kan seia ut over sumt av det som Skrifta lærer. Gjer ein det, bryt ein med skriftprinsippet.

.

Det var slik Luther tenkte i Worms i 1521: Det dei store autoritetane i kyrkja seier eller skriv eller vedtek, gjeld ikkje dersom det er i strid med det som Skrifta seier. Difor kan ein med full rett setja seg opp imot alle slike autoritetar. Ja, det er kristenplikt å gjera det.

.

Difor brende Luther bannbulla frå paven. Du har krenkt Guds heilage, sa han. Difor skal den ævelege elden tyna deg. Men slikt seier ikkje ein mann som tenkjer at Guds ord først må stadfestast av andre vitne (t.d. vedkjenninga) før saka står fast.

.

Det var domstolane det kravdes to eller fleire vitne. Når Gud talar, treng og må ingen be om fleire vitnemål. For Gud åleine er sannordig. Kvart menneske er ein lygnar. Og jamvel vedkjenningsskrift er utan eigen autoritet. Det gjeld berre så sant dei seier det Skrifta seier. Men det som Skrifta har sagt, er sant og forpliktande for kyrkja også utan stadfesting i skriven vedkjenning.

.