tirsdag 16. september 2008

etter Kristus = vanleg.

Før og etter Kristus.
Det har vorte mediamerksemd av Cappelen forlag sitt siste utspel. Ungane skal ikkje lenger læra og seia at noko hende før eller etter Kristus. Nå skal dei seia: etter vanleg tidsrekning (evt). Vanleg tyder då Kristus - men det seier dei ikkje.

VG kallar dette for "sludder og vås" (16/9). Og det er ein rett reaksjon, særleg frå det hald. Det er altså ikkje berre kristne som ser det ulogiske i ei slik "nyvinning". mange lærarar må nok forklara kva "vanleg" tyder her, anten dei likar det eller ikkje. Ungane har krav på det.

"Skuleministeren" Solhjell frå SV er i dette høve vaken og oppgåande: Det er mistydd politisk "korrekthet", seier han.

Cappelen forlag har altså slått lag med andre krefter som vil avkristna alt i Noreg. Ein tek nå steg for steg i den retning. Litt meir sunne krefter må fram i dagen og visa kva land me lever i. Og at 2008 tyder "ETTER KRISTUS". ndh.