lørdag 28. juni 2008

Ny homofil-venleg biskop.

I går, fredag 27. juni 2008 utnemnde Stoltenbergregjeringa ny biskop i Nidaros (Trondheim). Den 60 år gamle Tor Singsaas var "heldig å få en slik utfordring", som han sa sjølv til Dagen.

Han har sterke ord om Kristus-forkynning i kyrkja - og kva anna skal ein venta av ein leiar i kyrkja? Det er sjølvsagt at han skal forkynna Kristus. Kvar einaste predikant skal gjera det.

Homo-venleg.
Likevel er det eit "men". Han er klar på at han vil ordinera og tilsetja homofilt sambuande prestar. Det er eit stort tankekors. Han vil altså forkynna Kristus, men handla TVERT IMOT KRISTI ORD. Det er eigentleg umogleg. Nå må det seiast gong etter gong i media og privat - at Bibelen er klår: Homofili er Sodoma og heidenskap.

Han er også klår på korleis han kom til ei slik erkjenning: "Det er først og fremst mitt møte med homofile som har gjort at jeg over mange år har endret syn." Det viser igjen at det er menneskerelaterte tilhøve som gjer at folk byter syn i eit bibelsk emne.

Mennesketanken overstyrer altså Gudstanken i folket. Det er viktigare kva folk opplever og tenkjer sjølv, enn det Gud har tenkt gjennom alle æver. -

Når Singsaas har eit slikt syn, blir det noko hjelpelaust når han seier han er brobyggjar. For det handlar ikkje om å skilja lag, seier han. Djupast sett er det eit syn som ikkje tek avstand frå syndige handlingar. For å seia det litt grovt og unyansert kjenner eg det slik: Berre folk går i kyrkja, vert respekterte for det dei er, er dei velkomne i kyrkja - og kan leva slik dei sjølv meiner er best for dei.

Eg trur ikkje desse homoliberale tenkjer slik i alle spørsmål om synd. Men det ser ut for meg at når ei kjenslevar sak kjem fram i lyset, bøyer dei av for folkemeininga. Er dei redde for å missa fleire i kyrkja? Fåren er då at dei misser dei mest bibeltruande kristne. Det har jo allereie skjedd.

Dette bøneemnet er altså framleis aktuelt. Og me vonar det kjem ein åndeleg reformasjon der folket og leiarar på alle plan bøyer kne og hjarta for Den Heilage Gud.
NDH.