fredag 25. januar 2008

Er dei homofile frelste?

Om homofile

Takk til leiar i Dagen i dag (16/1). Eg har lenge sakna den sida av debatten om dei homofile: Kan dei praktiserande homofile vera Guds born? Altfor mange innlegg har gått utanom det som katten rundt den varme grauten.

Det er sant at me skal vera varsame med å døma og ikkje vera harde i ord og meiningar. Me har likevel ikkje lov å vera så 'blaute' at ikkje sanninga kjem fram. Denne lova i Guds rike vil alltid gjelda: Den som syndar, skal døy. Slik har det vore frå syndefallsdagen.

Då hjelper det ikkje om ein er prest eller lek. Den som lever i synd, vil gå fortapt. Me vil ynskja sterkt at dei det gjeld vil venda om i tide og gjera som Jesus sa til kvinna: Gå bort og synda ikkje meir. Joh. 8, 11. Det er vegen.

(Innlegg i Dagen 24. jan. 2008.)

Nils Dybdal-Holthe